Nedanfor finn du heile innlegget til KS og Jenny Følling:

Møtene i kontaktutvalet i forkant av dei årlege tariffoppgjera har ein lang tradisjon og er ein viktig del av trepartsamarbeidet. Partane i arbeidslivet, inkludert KS, førebur seg til mellomoppgjeret 2023 som og handlar om lønsreguleringar.

Inn mot mellomoppgjeret er KS sin klare bodskap at no, i desse usikre tider, er den koordinerte lønsdanninga – med ansvarlege hovudorganisasjonar som evner å balansere kortsiktige eigne behov mot kva som gagnar fellesskapet på kort og lang sikt, ekstra viktig.

Oppgjeret i fjor vart svært utfordrande for kommunesektoren og vil først være avslutta når Rikslønnsnemnda avgjer saka seinare denne månaden.

Medarbeidarane i sektoren har stort engasjement for våre viktige arbeidsoppgåver og det er bra. KS vil som vanleg være ansvarleg og konstruktiv i lønsoppgjeret i år. Men vi har tydelege rammer som sett klare grenser for kva vi kan få til. Difor blir det viktigare enn nokon gong at meldingane frå oppgjeret i frontfaget legg til rette for realistiske forventningar.

Arbeidsledigheita er låg og inflasjonen er høg, men det er ikkje etterspurnaden etter arbeidskraft som driv opp konjunkturane. Eit trendskifte i arbeidsinnvandring, energikrise og krig forklarar mykje. Eit halvår med krisesnakk, fall i reallønna og aukande renter har altså førebels ikkje slått ut i handfaste teikn på nedgangstider.

Kommunesektoren kjenner no stramheita i arbeidsmarknaden på kroppen. Erfaringane viser at det er vanskeleg å rekruttere ulike typar kompetanse. Kommunesektoren er slik sett tjent med at presset i arbeidsmarknaden reduserast. Med dette hjelp oss fint lite om det samstundes er vi som skal stå for innstramminga.

Ein del av stramheita i arbeidsmarknaden må vi truleg leve med i lang tid. Vi veit at det er for få med helsefagleg utdanning og at demografien viser at utfordringane vil auke. Regjeringa burde kvar gong kommunesektoren skal påleggast nye oppgåver spørje seg om den finst ledig arbeidskraft til å realisera ønska. Dette gjeld og reformar utanfor kommunesektoren.

Regjeringa undervurderte i Nasjonalbudsjettet kostnadsauken kraftig. Det er positivt at det no varslast kompensasjon for dei auka kostnadane i 2023. Den massive undervurderinga av kostnadsauken i 2022 tyder likevel på at tildelingane av midlar i nominelle beløp vil rekke kortare enn regjeringa la til grunn. Utan meir midlar vil nivået på statlege og kommunale velferdstenester truleg bli lågare enn det som vart lagt til grunn i handsaminga av budsjettet.

I fjor vart kommuneøkonomien nok ein gong redda av overraskande høge skatteinntekter. Vi er alltid glade for meir ressursar, men måten dette skjer på er svært uheldig.

Alt tyder på ein rekordstor nedgang i i frie inntekter i år. Ein må 6-7 år tilbake i tid for å finne eit like lågt inntektsnivå. Dette samstundes med at demografikostnadane har auka med 10-15 milliardar i same periode. Den stadige meirskatteauken betyr stort sett berre framskynding av inntekt medan kostnadsauken er permanent. Det er ikkje berre kostnadsauken i budsjettåret som er vanskeleg å hanskast med når vi kjem inn i året med eit langt høgare prisnivå enn det som er lagt til grunn.

KS støttar opp om frontfagsmodellen og legg vekt på å følgje norma frontfaget sett. Det er samstundes ingen tvil om at modellen er under press. KS er difor glad for at eit nytt Holden-utval skal studera praktiseringa av modellen og korleis den økonomiske politikken fungerer.

Eg håpar som allereie nemnt at alle partar deler ambisjonane om eit ansvarleg lønsoppgjer som medverk til ei balansert utvikling i norsk økonomi.

KS er glade for at LO er opptatt av at kommunal sektor skal henge med i lønnsutviklinga. Det er sjølvsagt vår posisjon også. Då er det viktig å understreke at regjeringa må bidra med finansieringa slik at frontfagmodellen overlever som grunnlag for felles lønsdanning.