Les meir

Lenkeblokk Icon Statsbudsjettet 2022

Seinare same dag presenterte Jenny Følling kommunesektoren sitt syn på forslaget til statsbudsjett for kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram. Statsråden var invitert til webinaret KS arrangerte for medlemane i etterkant av at tilleggsnummeret vart gjort kjend.

Nedanfor finn du heile innlegget til Jenny Følling:

Statsminister, statsrådar

Til lukke med framlegget av tilleggsnummeret til statsbudsjettet. Det  er spanande å sjå kva budsjettendringar og prioriteringar den nye regjering har greidd å få på plass i løpet av nokre få og svært hektiske veker. Samanlikna med storleiken på heile budsjettet, er endringane særs moderate. Men sjølv moderate endringar og kursjusteringar, kan få større verknader når ny kurs får virke lenge nok.

Då regjeringa Solberg la fram statsbudsjettet for 2022 den 12. oktober, var dåverande KS-leiar sin kommentar at den nye regjeringa hadde rikeleg rom for forbetring av kommuneøkonomien.  Eit openbart spørsmål for både KS og medlemane våre i går, var om dette rommet vart nytta av ny regjering og ny kommunalminister.

Vekst i frie inntekter

Rett skal vera rett: På ein del av dei områda vi har vore mest opptekne av, er det klare forbetringar.  Aller viktigast er at den frie inntektsveksten til kommunane og fylkeskommunane er auka med 2,5 milliardar kroner neste år. Vi har lagt merke til at regjeringa seier at den i fastsetjinga av inntektsveksten til kommunane, har teke omsyn til kostnadsauken for kommunane dei seinare åra til grunnbemanning og fleire pedagogar i barnehagane. Det er ei reform vi meiner har vore sterkt underfinansiert – med opp til 1 milliard kroner neste år. Uttrykket «kompensasjon for tidlegare underfinansiering» står ikkje i tilleggsnummeret. Men så lenge det resulterer i auka inntekter utan at nye oppgåver vert lagt inn samstundes, får ordbruken vera underordna.  Så må det seiast at det er i sjølve inntektsramma at dette omsynet er teke, ikkje i fordelinga av auka inntekter mellom kommunane.

Ressurskrevjande tenester

KS har vidare merka seg med glede at regjeringa retter opp at kuttet i toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande pleie- og omsorgstenester i kommunane. Knapt noko sak har vekt slik irritasjon i kommunane dei seinare åra enn den gjentakande overføring av kostnader frå staten til kommunane på dette området. Så må det likevel seiast at ei einsleg svale ikkje automatisk inneber ein sommar. Kostnadspresset på dei kommunale pleie- og omsorgstenestene er enormt.  Det er svært viktig at dette vert gjeve høg prioritet i samarbeidet mellom regjeringa og KS, og at det blir sett på om det er bindingar i regelverk som fører til særleg kostnadsauke for staten og kommunane samla. Men det har sjølvsagt vore – og skal framleis vera – ein føresetnad at brukarar som treng, og har rett på slike tenester, framleis skal få naudsynt bistand.

Breiband

Det er fleire andre nye tiltak i tilleggsproposisjonen som isolert sett er eit steg i riktig retning. Eg vil særleg då trekka fram auken i støtte til utbygging av breiband, og auka satsing på fylkeskommunale tiltak for å gi betre opplæring fram til læreplass og oppfølging av elevane i lærebedriftene.

Kollektivtrafikk

Vårt største ankepunkt mot tilleggsproposisjonen  – og samstundes den viktigaste saka å be Stortinget om å gripa fatt i når tingingane om eit budsjettforlik startar, er mangel på ei løysing for kollektivtrafikken sine utfordringar i første halvdel av 2022. I alle fylkeskommunar med større byområde, må fylkeskommunane snart ta stilling til kor store kutt i rutetilbodet til innbyggjarane som er naudsynt, fordi passasjergrunnlaget framleis ikkje er tilbake til normaltilstanden før pandemien. At varig auka bruk av heimekontor gjer at rutetilbodet etter kvart må endrast nokre stader i landet, er ikkje problemet. Men overgang frå kollektiv til privatbil for arbeidsreiser i etterdønninga av koronapandemien, er ei stor utfordring. Det har staten, fylkeskommunane og kommunane som er avtalepartnarar i byvekstavtalane eit felles ansvar for å motverka. Kutt i kollektivtilbodet i starten av 2022 som følgje av sviktande billettinntekter, vil vera eit ualminneleg dårleg svar på denne utfordringa.

Andre tema

Tilleggsnummeret inneheld ikkje nokon ny samla vurdering av status i kommuneøkonomien ved inngangen til 2022 samanlikna med det som vart lagt fram av regjeringa Solberg. Det er ikkje meint som nokon kritikk mot den nye regjeringa. Tilleggsnummer frå ny regjering er ikkje eit nytt sjølvstendig framlegg til stats- og nasjonalbudsjett. Men det er likevel grunn til å nemna nokre særlege utfordringar for kommuneøkonomien no når årsskiftet nærmar seg.

Vi vil få nok eit år med uventa høge skatteinntekter til kommunar og fylkeskommunar, samanlikna med kva vi såg for oss for eitt år sidan. Ein mindre del av desse auka skatteinntektene vert ført vidare permanent. Mesteparten er eingongsinntekter i år som berre bør nyttast til eingongsutgifter i år, eller til å setjast på fond for framtidige investeringar. Men den kraftig prisveksten på byggevarer og straum et opp mykje av handlingsrommet som auka skatteinntekter gjev i år. I tillegg er det per no liten grunn til å tru at denne prisstigninga vert reversert neste år. Inntektsauken er dels ein eingongseffekt – kostnadsauken er varig.

Nokre kommunar og fylkeskommunar vil rett nok etter kvart kunne få økonomisk gevinst av kraftprisane gjennom auka utbytte frå kraftselskapa dei er deleigarar i. Men byggekostnadene slår rett inn i budsjetta. Sidan kommunane og fylkeskommunane har eit viktig og sjølvstendig ansvar for eiga økonomiforvaltning, er det eit argument for nøkterne budsjetthandsamingar i kommunestyra og fylkestinga i desember. Men det er og eit argument for at dersom Stortinget finn rom for å innfri fullt ut valløfta frå dei noverande regjeringspartia i valkampen, om inntektsrammene til kommunesektoren i 2022, vil det vera ei kjærkomen styrking som trygger rammevilkåra for gode velferdstenester til innbyggarane i heile landet.

Regjeringa har gjort forbetringar i kommuneopplegget gjennom desse vekene. Vi takkar for jobben så langt, og så håpar vi de vil arbeida for at ytterlegare forbetringar vert resultatet i Stortinget. Det gjeld særleg rammevilkåra for kollektivtrafikken. Det er mi oppsummering av KS reaksjon på tilleggsnummeret.

Fakta om Regjeringens kontaktutvalg

Kontaktutvalget er et norsk utvalg som ble etablert i 1962 av daværende statsminister Einar Gerhardsen for å samordne lønnsoppgjørene i alle sektorer, både statlig, kommunal og privat. Kontaktutvalgets fulle navn er Regjeringens kontaktutvalg for inntektsoppgjørene. Det ledes av statsministeren, som fra regjeringen har med seg blant andre finansministeren, arbeidsministeren og næringsministeren. Fra næringslivsorganisasjonene deltar lederne i Landsorganisasjonen i NorgeYrkesorganisasjonenes Sentralforbund YSUnioAkademikerneNæringslivets Hovedorganisasjon NHOKSArbeidsgiverforeningen SpekterVirkeNorges BondelagNorsk Bonde- og småbrukarlag og Norges Fiskarlag.

Kontaktutvalget tjener som forum for gjensidige orienteringer mellom de impliserte partene og interessegruppene før og under pågående lønnsoppgjør. Gjennom utvalget kan myndighetene holde partene i inntektsoppgjøret orientert om sin vurdering av den økonomiske situasjonen. Utveksling av synspunkter i utvalget har også betydning ved inntektsfastsettelse utenom hovedoppgjørene.

(Kilde: Store norske leksikon snl.no)