Publisert: 07.09.2021
Transportøkonomisk institutt (TøI) har på oppdrag frå KS utarbeidd ein rapport om Kommunale utgifter til fellesgode, som ikkje får tilsvarande motsvar i form av inntekter som rammetilskot og skatteinntekter, gebyr, brukaravgifter og eigedomsskatt, er for eksempel:
- Søppel- og avfallshandtering
- Etablering og drift av fasilitetar som toalett og stellerom
- Opparbeiding og vedlikehald av infrastruktur for allmenn bruk, som skiløyper, stiar, skilting og annan informasjon
- Vedlikehald og slitasjereduserande tiltak i natur- og kulturlandskap
- Opparbeiding og vedlikehald av trafikkareal, som parkering og gang-/sykkelvegar
- Auka beredskap innan helse/legevakt, brann/redning, orden/vakthald/kriminalitet, trafikkavvikling
- Auka kostnader til administrasjon, for eksempel i planarbeid.
- Auka etterspurnad etter heimetenester frå personar ikkje busett i kommunen.
Avgrensingar i lovverket - kunnskapsbehov
Eitt av oppdraga TøI fekk frå KS var å gå gjennom kva avgrensingar som finst i lovverket for innføring av nye modellar for finansiering av fellesgode. Rapporten viser at i norsk samanheng avgrensar friluftslova mogleg dagsbesøksavgift i område med mange tilreisande som gir kommunale kostnader. Eventuelle dagsbesøksavgifter må avgrensast til å dekke kostnader til «opparbeidd friluftsområde» og ikkje kan inkludere dekking av andre kostnader. Videre synes hamne- og farvasslova truleg å avgrense potensial for å gjere bruk av besøksavgift for dagsbesøkande cruisepassasjerar, utanom betaling for tiltak innan hamneområda.
Mogleg finansiering av fellesgode gjennom avgifter
TøI peikar i rapporten på at turismeavgifter har auka i raskt omfang mange stader i verda sidan 1980-åra, til dels basert på prinsippet om «brukarbetaling» – ofte knytt til miljøspørsmål. Dette har i stor grad samanheng med veksten i fritidsreiser. Dei fleste europeiske landa og rundt to tredeler av medlemsstatane i Den europeiske unionen har turismeavgifter på lokalt nivå, oftast for å finansiere lokale og/eller regionale fellesgode for reiselivet. Dei vanlegaste besøksavgiftene er knytt til besøkande som nyttar kommersielle overnattingstilbod, enten som fast avgift per person per natt, fast avgift per person per natt basert på overnattingstype og kvalitetsnivå (talet på stjerner) eller som prosentdel av rompris. Nivået på besøksavgifter varierer mykje mellom land, regionar og kommunar, typiske tilsvarande mellom fem og 60 kroner per natt.
Besøksavgift basert på overnatting synes enklast å administrere
Internasjonale studiar og praksis i mange land peiker i retning av at det er gode grunnar til å velje eit system med besøksavgift basert på overnattingsopphald. Det gjeld blant anna fordi dette er ein enkel måte å tillate forskjellige skattenivå for forskjellige overnattingsstader/kategoriar. Ei utfordring er likevel at når besøksavgift vert lagt på overnatting, blir hovudprinsippet at man som turist betaler der ein søv, ikkje nødvendigvis der ein skaper kostnader. I Noreg er det til dels store forskjellar i kommunale kostnader forbundet med besøkande, blant anna på grunn av mykje rundreiseturisme.
Regional besøksavgift synest mest tenleg
Av TøI sin rapport går det også fram at ei rekke kommunar har mange besøkande som overnattar andre stader. Dette peiker i retning av ei mogleg regional besøksavgift som mest tenleg, eventuelt kombinert med avgift for dagsbesøkande på stader der dette medfører store kostnader. I norsk samanheng synest det enklast å knyte ei slik avgift til fylkeskommunane. Alternativt kan ein i store fylke vurdere eit felles system for regionar innan fylka. I Noreg synest det sannsynleg å etablere system for skattlegging av overnattingsinntekter for reservasjonar som vert formidla gjennom bestillingssystem som Air-Bnb og liknande, vil oppfattast som ganske rettferdig av involverte næringsaktørar og regionar. Internasjonale byrå og turoperatørar er vane med overnattingsbaserte avgifter i andre land i Europa, kan etablerte innkrevingssystem truleg implementerast ganske enkelt i Noreg.
TØI rår til at følgjande problemstillingar og aspekt ved turisme og kommunal økonomi bør greiast ut om nærare:
- Dokumentasjon av faktiske turismerelaterte kostnader og inntekter
- Organisering av geografisk differensierte avgifts-regime og forvalting/fordeling av inntektene frå avgiftene
- Cruisepassasjeravgift
- Avgifter for andre dagsbesøkande