Publisert: 25.10.2021
Universitetet i Søraust-Noreg (USN) er eit universitet med 18000, studentar, 1500 tilsette, 8 campus og ei omfattande utdannings- og forskingsportefølje. USN har som ambisjon å vere tett på samfunns- og arbeidsliv. Vi samarbeider breitt med kommunane i vår region, det vil seie Viken (i første rekke vestre del) og Vestfold og Telemark. Vi har eit særskilt samarbeid med våre åtte vertskommunar; Drammen, Horten, Kongsberg, Midt-Telemark, Notodden, Porsgrunn, Ringerike og Vinje.
Samarbeidene
Ved sidan av dette utforskar vi konseptet universitetskommune og har inngått slike avtalar med kommunane Drammen, Færder og Skien. Der ser vi ulike verkemidlar i samanheng og samarbeider tett innanfor ei rekke område som kommunane har ansvar for. Universitetskommuneavtalane er institusjonelt strukturert og legg grunnlag for langsiktig, forpliktande og reelt samarbeid både innanfor forsking og utviklingsarbeid og utdanning og praksissamarbeid.
Som universitet kan vi bidra med idear som gir framdrift og gode resultat i kommunane sitt tenestetilbod. I tillegg lærer både våre studentar og fagfolk av dei ulike kommunale utviklingsprosjekt og dette er verdifulle erfaringar for vår forsking og våre studiar. Ikkje minst får våre studentar slik arbeidd med reelle og aktuelle utfordringar, det gir motivasjon og inspirasjon. Samarbeid og samskaping er med på å bygge bru over gapet mellom teori og praksis, og gir godt grunnlag også for framtidig samarbeid når nye prosjekt og utfordringar dukkar opp.
Våre profesjonsutdanningar har praksissamarbeid med dei fleste kommunane i vår region. Ved USN blir det årleg tatt i bruk 3-4000 praksisplassar for helse- og sosialfagutdanningar og i lærarutdanningane er det samarbeid med nær 1000 praksisinstitusjonar (barnehagar, skoler og vidaregåande skoler), der det er avtalar med i overkant av 2000 praksislærarar om vegleiing og vurdering av studentane.