Eg er særs nøgd! Endeleg ein konferanse der eg føler eg sit igjen med konkrete kunnskap og verktøy som eg kan ta med tilbake og arbeide vidare med.

Deltakar på Klarspråk 2024

Språkrådet og KS Kvalitetsutvikling er medarrangørar, og programmet er sett saman for å gje deg størst mogleg verdi, - også når du kjem heim. Vi vil gi kommunane i Vestland så mange kontaktpunkt og så mykje nyttig innhald vi kan, og derfor er konferansen også for deltakarar frå resten av offentleg sektor. 

Program

Torsdag er tema inspirasjon, klarspråk som verktøy for betre og meir effektive tenester. Knut Lindland tek til orde for at vi må bli flinkare til å stele frå kvarandre. Hans Christian Farsethås, postdoktor ved universitetet i Bergen, forskar på korleis KI kan brukast for eit klårare språk. Han er dessutan ein framifrå formidlar som gir oss ei innføring i KI og språkmodellar. KLP har arbeida med klarspråk i 10 år, og vi skal få del i erfaringane deira, for det har løna seg! Nav har utvikla ei metode dei kallar empatisk språk, og her er det mykje å læra for oss alle. Vi avslutter dagen i møte med Omar Mekki frå Guttas campus, som har ein historie å fortelle om å møta sårbare ungdommar på ein god måte. 

Kvelden blir tilbragt i den nydelege foajeen i Grieghallen med middag og underhaldning. 

Fredag er endå meir praktisk retta, med både skrivekurs frå språkrådet, gode tips om brukartesting, og innlegg om korleis Stavanger kommune brukar KI i språkarbeidet sitt. Og ikkje minst blir det delingstorg der deltakarar frå mange kommunar og statlege aktørar deler villeg av sine tips og verktøy for godt klarspråkarbeid. Biskop Ragnhild Jepsen i Bjørgvin avsluttar dagen med tanker og gode råd når man bruker språk for å skape tryggleik, før vi samlast til lunsj med live podcast og premieutdeling. 

Pris

Det er eit mål at konferansen skal vera så overkommeleg som mogleg å delta på. Vi tilbyr deltaking med eller utan middag, men prisen er den same om du vel å delta på ein eller to dagar. 
Konferanse med middag kr. 3.990,-
Konferanse utan middag kr 3.490,- 

Overnatting

Konferanseprisen er utan overnatting. På den måten kan du sørge for overnatting privat eller velje akkurat den overnattinga som passer best. Dersom du ønsker overnatting på eit av hotella som er nærast til Grieghallen, har me forhandla fram ein god pris for deg som bestiller før 13. februar. 

Meld deg på, og les meir om program, hotell og praktisk informasjon på KS sin nettside. 

Den mest lønnsame konferansen i 2025?

Skal du på éin konferanse i 2025 kan dette vera den mest lønnsame konferansen å delta på. Her får du konkrete tips og nyttig innhald som kan brukast av alle som driv med klarspråk i ein digital kvardag. 

Tilbakemeldingar frå deltakarar på Klarspråk 2024: 

  • Meir av det samme! Kjekt at UU-tilsynet var med. Bra med praktisk arbeid!
  • Håper det blir fleire liknande tilbod - då tek eg med meg fleire frå organisasjonen.
  • Eg er særs nøgd! Endeleg ein konferanse der eg føl eg sit igjen med konkrete kunnskap og verktøy som eg kan ta med tilbake og arbeide vidare med. 
  • Neste gang bør kommuneledelse/kommunedirektør bli invitert.
  • Veldig bra, konkret og relevant innhald!

Marit Kvalen og Mona Jacobsen frå Luster kommune var nøgde deltakarar på Klarspråk 2024. Foto: Mona Mekki