Publisert: 06.03.2024
Klarspråkprisen går til offentlege verksemder som har utmerkt seg med eit langsiktig og systematisk arbeid med klart språk. Det er éin pris for statlege etatar og éin for kommunar/fylkeskommunar. Prisane blir delte ut 15. mai.
Prisane skal påskjøne godt, klart og brukarvenleg språk i offentleg sektor. Dei blir delte ut av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Dette er kriteria for klarspråksprisane
Juryen vil mellom anna leggje vekt på:
- korleis klarspråkarbeidet er organisert
- korleis språkarbeidet er kopla saman med andre arbeids- og utviklingsprosessar
- kva for nokre konkrete tiltak som er gjennomførte
- korleis målgruppene blir involverte i utviklinga av tekstar, og korleis tekstar blir tilpassa behovet deira
- kva konkrete resultat verksemda har fått gjennom evalueringar, brukartestar, målingar eller liknande
Slik nominerer du di eiga verksemd
Juryen treng ein del dokumentasjon for å kåre vinnarane av klarspråksprisane. Alle verksemder som vil nominere seg sjølv, må fylle ut skjemaet under.
Slik nominerer du ei anna verksemd
Kjenner du til ei anna verksemd som har gjort ein god jobb med klart språk? Da kan du foreslå ein kandidat ved å sende forslag med grunngiving til ssb@sprakradet.no. Verksemda du foreslår, får tilsendt skjema som ho sjølv må fylle ut og sende inn.
Fristen for å nominere er 20. mars 2024.
Prisen blir delt ut i Oslo 15. mai.