KS har utvikla eit tilbod i folkevaltprogrammet som skal vere med og styrke kommunar si evne til å bruke ressursar i utmark til lokal samfunnsutvikling på berekraftig vis. Tilbodet er kome i stand etter at KS vart kontakta av kommunar som såg behovet for eit slikt tilbod.

Måla med tilbodet er:

  • Å styrke entusiasme og felles blikk for kommunen/regionens verdiar i utmarka
  • Legge til rette for enda meir medvitne og strategiske val for forholdet mellom vekst og vern i utmarka
  • Gi betre overordna forståing for plan- og forvaltingssystemet i utmark
  • Gi betre oversikt over måtar å jobbe på for å ta i bruk ressursar i utmark på berekraftig vis
  • Gi betre oversikt over rollefordeling mellom:
    - Kommunen og omliggande aktørar
    - Politikarar og administratorar i kommunen
  • Gi idéar om måtar å integrere aktørar på, korleis skape god samhandling?

Dynamisk opplegg
Opplegget inneheld førelesningar, felles arbeid i grupper og to filmar. Det er utarbeidd eit opplegg som helst går over ein hel dag (6 timar). Samanhengen og oversikta blir best når opplegget vert gjennomført samanhengande. Opplegget kan likevel også delast opp dersom det ikkje let seg gjere å sette av ein heil dag. Til dømes kan det settast saman  tre to-timersbolkar dersom det er nødvendig. Det går også an å gjennomføre berre deler av programmet. Det bør gjennomførast gode møte med kommunen på førehand for å møte dei behova kommunen har best mogleg.

Sjå eksempel frå Lom
I Lom er kultur- og naturressursane ei drivkraft for lokal samfunnsutvikling. Denne filmen gir ein smakebit frå kommunen sitt strategiske arbeid.

Ressursar, aktørar og strategiar
Bolk 1 i tilbodet i folkevaltprogrammet har fått namnet  «Ressursar i naturen og kulturen». Denne delen handlar om rammene for handlingsrommet kommunene har i utmarka, om lovverket og kommunen sin eigen utviklingskapasitet. Den handlar ikkje minst om å utvikle eit felles blikk for ressursane som finst i utmarka, i og rundt kommunen.

Bolk 2 har fått namnet «Handlingsrom, aktørar og rollefordeling». Delen handlar om kven aktørane i utmarka er, kva roller dei har og kan ha, kva ressursar og konfliktlinjer dei representerer, og korleis konfliktar kan håndterast, synergiar skapast.

Bolk 3 har fått namnet «Strategi og handling». Her skal kommunane jobbe konkret med å utvikle utmarksstrategiar og bestemme seg for korleis dei kan jobbe vidare med dette etter samlinga.

Fleire kan vere med
Kommunestyre er tenkt som hovudmålgruppa for opplegget, men det er ein fordel om også andre blir invitert med på ei slik samling. Til dømes bør administrasjonen i kommunen vere bra representert. Omliggande aktørar som fjellstyre og verneområdestyre eller næringsliv kan og vere med. Det kan også vere smart om fleire kommunestyre gjennomfører opplegget saman, då utmarka i utgangspunktet ikkje har kommunegrenser.

Prosessleiarar 
Sju prosessleiarar, som har avtale med KS/Folkevaltprogrammet, er no tilgjengelege for kommunar som ønskjer bistand til å gjennomføre det nye tilbodet eller deler av det. Prosessleiarane har i utgangspunktet ansvaret for kvar sin region, men kan også ta oppdrag utanfor desse dersom det ligg til rette for det.

Følgjande prosessleiarar kan kontaktast: (epostlenker)