Av Opplæringslova følgjer det at yrkesopplæringsnemndene skal arbeida for å heva kvaliteten på heile fag- og yrkesopplæringa. I dette arbeidet gjer KS sine representantar ein viktig jobb for å fremja kommunesektoren sine interesser.

Yrkesopplæringsnemnda skal fremja behov og synspunkt frå arbeidslivet overfor fylkeskommunane, og skal i form av vedtak uttala seg i saker som fylkeskommunen er pliktig til å leggja fram for nemnda. Dette gjeld mellom anna saker om godkjenning av lærebedrifter og tap av godkjenning, og om fylkeskommunen sitt kvalitetssystem for fag- og yrkesopplæringa.

Nemndene er rådgivande organ og uttalar seg i saker om dimensjonering, kvalitet og læreplassar i kvart sitt respektive fylke. Andre saker som er viktige for KS gjeld mellom anna rådgivingstenesta, rekruttering, gjennomføring og elevar sine utdanningsval.

Yrkesopplæringsnemnda skal særleg:

  • fremja forslag til organisering, arbeidsmåtar og strategiar for å utvikla kvaliteten av fag- og yrkesopplæringa
  • vurdera og uttala seg om rutinane i fylkeskommunen for å sikra kvaliteten av fag- og yrkesopplæringa
  • vurdera korleis partane i arbeidslivet skal bidra til kvalitetsutvikling og -sikring i fag- og yrkesopplæringa
  • vurdera korleis samhandlinga mellom skular og lærebedrifter kan betrast
  • vurdera korleis kompetanseutvikling kan sikrast

Yrkesopplæringsnemnda i Agder
Fast representant: Christiane Marie Ødegård, KS Agder
Vararepresentant: Jarl Vidar Erichsen, KS Agder

Fast representant: Dorrit Svenning, KS Agder
Vararepresentant: Magnus Mork, KS Agder

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Yrkesopplæringsnemnda i Innlandet
Fast representant: Hilde Kristin Holtesmo, KS Innlandet
Vararepresentant: Jane Camilla Bjerke Bergh, KS Innlandet

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Yrkesopplæringsnemnda i Møre og Romsdal
Fast representant: Hilde Nauste Myhre, KS Møre og Romsdal
Vararepresentant: Alf Åge Berg, KS Møre og Romsdal

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Yrkesopplæringsnemnda i Nordland
Fast representant: Mona Halsbakk, KS Nord-Norge
Vararepresentant: Per-Oscar Schjølberg, KS Nord-Norge

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Yrkesopplæringsnemnda i Rogaland
Fast representant: Frode Ingvaldstad, KS Vest-Norge
Vararepresentant: Markus Bjørnseth, personalsjef i Hå kommune

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Yrkesopplæringsnemnda i Vestfold og Telemark
Fast representant: Didrik Bakken, KS Vestfold og Telemark

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Yrkesopplæringsnemnda i Troms og Finnmark
Fast representant: Tom Mikalsen, KS Nord-Norge

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Yrkesopplæringsnemnda i Trøndelag
Fast representant: Annikken Kjær Haraldsen, KS Trøndelag
Vararepresentant: Åse Aspås, KS Trøndelag

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Yrkesopplæringsnemnda i Vestland
Fast representant: Sølvi Olrich Sørebø, KS Vest-Norge

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Yrkesopplæringsnemnda i Viken
Fast representant: Morten Oppegaard, KS Viken
Vararepresentant: Katrine Nikolaisen, KS Viken

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Yrkesopplæringsnemnda i Oslo
KS er ikkje representert i yrkesopplæringsnemnda i Oslo