For å lykkast med tverrsektorielt arbeid i kommunen, må alle ha ei forståing for og kjenne eigarskap til felles mål. Det er rådet frå folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein. Ho var ein av innleiarane under dei digitale fagdagane i aldersvenleg samfunnsplanlegging som Fylkesmannen i Vestland og det regionale støtteapparatet for Leve heile livet inviterte til i september.

37 av kommunane i Vestland deltok

Fagdagane samla breidda av fagfolk innanfor plan, helse og folkehelse, i tillegg til eldrerådsmedlemmar i 37 av kommunane i Vestland. Eitt av måla for dagane var nettopp dette, at både tilsette innafor helse, plan og ulike leiarnivå skulle få lære meir om aldersvenleg samfunnsplanlegging og korleis jobbe på tvers. Deltakarane melder om entusiasme og stort engasjement i diskusjonane rundt bordet ute i kommunane, og fortel at dei har fått gode råd og vil dra nytte av andre sine erfaringar.  

Plan og planlegging

Leve heile livet-reforma legg opp til at kommunane sjølve tek stilling til korleis dei kan innarbeide løysingane i sin kommune.  Kommunar som har ein politisk vedteken plan eller kan beskrive ein planprosess, dannar grunnlaget for prioriteringar i tildeling av  midlar i 2021, opplyste Bente Kne Haugdahl i Helsedirektoratet.

Ho tok oss gjennom verktøya kommunane kan bruke i arbeidet med kartlegging og analyse. Her er ressursportal.no sentral.  Ho snakka også om viktigheita av kompetanseplanlegging i kommunane. Les meir på Helsedirektoratet si temaside om Leve heile livet og Aldersvennlige Norge.

Kent G. Dagsland Håkull frå Haugesund kommune har vore med på å utarbeida KS si nye handbok for aldersvenlege samfunn. Han gav praktiske eksempel på korleis du gjennomgåande kan tenke aldersvenleg samfunnsplanlegging innan til dømes plan, helse og tekniske tenester. 

Samarbeid på tvers, folkehelse og medverknad

Randi Bergem frå Høgskulen i Volda gav oss eit nærare innblikk i nærmiljøprosjektet, folkehelsearbeid og medverknad. Ho viste føremålet med medverknad og tilnærmingar til korleis kommunane kan jobbe med dette, og hadde til slutt ei rekke tilrådingar i arbeidet. 

Senter for omsorgsforskning har laga ei beskriving av eksisterande kunnskap for dei fem tematiske hovudområda i Leve heile livet. Frode Fadnes Jacobsen og Liv Jorunn Solstad gav oss funn og innsikt frå forskingslitteraturen om aldersvenlege samfunn og medverknad i styring og leiing. Her kan du lese kunnskapsoppsummeringane, som kommunen kan nytte i eige arbeid for å skape aldersvenlege samfunn og omgjevnader.

Tove Vikanes Agdestein jobbar som folkehelsekoordinator i Stord,  og tok oss gjennom korleis kommunen kan jobbe tverrfagleg med folkehelse. Ho hadde også konkrete forslag til forankring på tvers i kommunen.

Artikkelen er utarbeidd av Janne Weltzien Listhaug, hos Fylkesmannen i Vestland - her kan du sjå artikkelen med meir informasjon og presentasjonar på deira nettside