Publisert: 09.05.2023
Innleiing og oppsummering
KS sitt syn kan oppsummerast slik:
- KS legg til grunn at departementet allereie har naudsynt heimelsgrunnlag i eksisterande lovverk til å gjennomføra ei innbyggjarhøyring på eigen hand, og støttar difor ikkje lovendringa.
- KS føreset at regjeringa legg stor vekt på råd frå det øvste folkevalde organet i kommunen/fylkeskommunen som gjeld grenseendringar for kommunen/fylkeskommunen.
Meir om heimelsgrunnlaget
Departementet skriv i høyringsnotatet at det er omdiskutert om staten har heimel til å høyre innbyggjarane i desse sakene. Slik KS ser det, treng departementet heimel for å gjera inngrep overfor innbyggjarar eller kommunar. Så lenge staten ikkje gjev kommunen pålegg om å gjennomføra eller gje assistanse til ei høyring, men tek det organisatoriske ansvaret sjølv, kan ikkje KS sjå at ei slik høyring treng ein særskild heimel i inndelingslova. Ei slik høyring vil i seg sjølv då ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunen. Det reelle spørsmålet i denne saka bør difor ikkje vera lovteknikk, men om staten bør gjennomføra ei innbyggjarhøyring som det øvste folkevalde organet i kommunen dette gjeld har åtvara mot.
Høyringsnotatet inneheld ikkje nokon overtydande argumentasjon om kvifor nettopp dette området er så viktig at departementet treng ein «klår heimel». Det er fleire saker kor det kunne tenkast at det var nyttig for staten å gjennomføre ei særskild innbyggjarhøyring som del av saksførebuinga, til dømes lokalisering av store statlege institusjonar som sjukehus.
Meir om vektlegginga av kommunestyret sitt syn
Kommunelova § 2-1 første ledd slår fast at Noreg er delt inn i kommunar med eigen folkevald leiing. § 5-3 første ledd slår fast at kommunestyret er det øvste organet i kommunen, og fylkestinget er det øvste organet i fylkeskommunen. Desse føresegnene markerer at kommunen/fylkeskommunen sine innbyggjarar er representerte gjennom kommunestyret/fylkestinget. Kommunestyret/fylkestinget gjer vedtak om kva kommunen/fylkeskommunen meiner om ulike saker.
I brev til dei tvangssamanslåtte kommunane datert 12. november 2021 gjev departementet sjølv uttrykk for same syn:
«Søknad om at det skal settes i gang utredning om deling kan bare fremmes av kommunestyret selv, jf. inndelingsloven § 8. At denne initiativretten er lagt til kommunestyret, er begrunnet i lokaldemokratiske hensyn. Som øverste organ er det kommunestyret som fatter vedtak på vegne av kommunen. Det er derfor kommunestyrene som nå må vurdere om deling er det beste for sine innbyggere, og om søknad skal sendes».
Det kan hevdast at departementet si vektlegging av dette prinsippet er noko svekka sidan november 2021.
Sjølv om inndelingslova gjev Kongen i statsråd, alternativt Stortinget, rett til å fatta vedtak om deling eller samanslutning av kommunar og fylkeskommunar uavhengig av meiningane til kommunane eller fylkeskommunane dette gjeld, er KS si prinsipielle meining at det bør leggjast stor vekt på synet til representative lokale eller regionale organ i slike saker. Det er desto større grunn også til å leggja stor vekt på kva dei same organa seier om lokale eller regionale prosessar som ledd i saksførebuinga til departementet.