Publisert: 06.03.2024
Klarspråkprisen går til offentlege verksemder som har utmerkt seg med eit langsiktig og systematisk arbeid med klart språk. Det er éin pris for statlege etatar og éin for kommunar/fylkeskommunar. Prisane blir delte ut 15. mai.
Prisane skal påskjøne godt, klart og brukarvenleg språk i offentleg sektor. Dei blir delte ut av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Dette er kriteria for klarspråksprisane
Juryen vil mellom anna leggje vekt på:
- korleis klarspråkarbeidet er organisert
- korleis språkarbeidet er kopla saman med andre arbeids- og utviklingsprosessar
- kva for nokre konkrete tiltak som er gjennomførte
- korleis målgruppene blir involverte i utviklinga av tekstar, og korleis tekstar blir tilpassa behovet deira
- kva konkrete resultat verksemda har fått gjennom evalueringar, brukartestar, målingar eller liknande
Slik nominerer du di eiga verksemd
Juryen treng ein del dokumentasjon for å kåre vinnarane av klarspråksprisane. Alle verksemder som vil nominere seg sjølv, må fylle ut skjemaet under.
Her kjem du til påmeldingsskjema i Questback (bokmål) Her kjem du til påmeldingsskjema i Questback (nynorsk)Slik nominerer du ei anna verksemd
Kjenner du til ei anna verksemd som har gjort ein god jobb med klart språk? Da kan du foreslå ein kandidat ved å sende forslag med grunngiving til ssb@sprakradet.no. Verksemda du foreslår, får tilsendt skjema som ho sjølv må fylle ut og sende inn.
Fristen for å nominere er 20. mars 2024.
Prisen blir delt ut i Oslo 15. mai.
Les meir om klarspråksprisane på klarspråk.no